Gå videre til innhold
Jon Hjørnevik med ny humorbok, "Heimekontor i gravferda"

Pressemelding -

Jon Hjørnevik med ny humorbok, "Heimekontor i gravferda"

Ingenting fungerer lenger. Klestativet står ikkje beint. Me manglar purreløk i kjøleskapet. Ingen vil ta ut av oppvaskmaskinen. Det er gjennomført dårleg stemning. Tida strekk ikkje til. Det vert verre og verre å skilje jobb frå privatliv. Det må jobbast natt og dag, til og med i gravferda. Avstanden mellom Bergen og Oslo blir større og større. Helse og omsorg vil heller ikkje ha noko med kvarandre å gjere. I tillegg skal det Pulast; det går mange Steinras; Hells Angels kjem gjerne på besøk.

Ikkje rart Jon Hjørnevik har gått på ein smell.

No har han samla sitt bitre tankegods mellom to svarte permar.

Den store lanseringsshowet for boka i Logen teater i Bergen 12. mars 20.30.  

Billetter i salg her:
http://www.billettservice.no/event/jon-hjornevik-og-dagfinn-iversen-billetter/416917

Arr: Rolfen, i samarbeid med Norli og Det Norske Samlaget:

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar og komikar frå Voss. Han debuterte med den humoristiske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og har sidan halde fram med å skrive dikt om usikkerheit, tabbar og triste opplevingar, men også om kjærleik, draumar og glede.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO