Pressemelding -
Juleroser 2025 har bidrag frå Karl Ove Knausgård, Solveig Kloppen, Frida Ånnevik, Gunnhild Øyehaug, Kari Bremnes og mange fleire
Noregs mest populære litterære julehefte gjennom elleve år har temaet englar i år. Gjennom dikt, forteljingar, biletkunst og musikk inviterer redaktør Herborg Kråkevik lesaren av Juleroser til å finne lys og glede midt i den mørke årstida. Også i år kan ein oppleve Juleroser-framsyning på scena på Det norske teatret med stjernelaget Herborg Kråkevik, Frida Ånnevik og Solveig Kloppen i front.
Årets bidragsytarar inkluderer Karl Ove Knausgård, Solveig Kloppen, Gunnhild Øyehaug, Kari Bremnes, Herbjørg Wassmo, Levi Henriksen, Brynjulf Jung Tjønn og mange fleire. Årets nyskrivne julesong står Frida Ånnevik for.
Samlaget samarbeider for andre år på rad med Det Norske Teatret om ei eiga Juleroser-forestilling på hovudscena søndagane i desember. Herborg Kråkevik invterer til ein stemningsfull time med musikk, kunst og litterratur.
Med relanseringa avJuleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.
Alle bidragsytarar i årets Juleroser:
Edward Coley Burne-Jones, Åse-Marie Nesse, Christopher Rådlund, Anne Runa Jordet, Levi Henriksen, Bob Walkenhorst, Frida Ånnevik
Stian Hole, Solveig Kloppen, Anne Lise Knoff, Herbjørg Wassmo, William Blake, Karl Ove Knausgård, Angelico, Anselm Kiefer, Rafael, Kari Bremnes, Borghild Rud, Gunnhild Øyehaug, Kari Steihaug, Einar Økland, Sandnes Garn, Helge Skodvin, Halvor Folgerø, Emily Gernild, Mira Hussain, Anja Dahle Øverbye, Brynjulf Jung Tjønn, Hugo Simberg, Stein Erik Lunde, Gunnar Danbolt, Rex Harris, Sandro Botticelli, Lukas & Matteus, Bernt Støylen, Herborg Kråkevik
Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.