Gå videre til innhold
Juliane Rui klar med ny diktsamling

Pressemelding -

Juliane Rui klar med ny diktsamling

Variasjonar over nærleik

Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det til barnet, dyret og naturen.

Juliane Rui (f. 1982) er ei unik stemme i norsk lyrikk. Ho debuterte i 2011 med Den hesten er av snø. I 2018 blei ho tildelt Bokhandlerforeningens forfattarstipend for forfattarskapen. Juryen skreiv mellom anna at «bevisstheten om at menneskeskapte endringer truer våre omgivelser er eksplisitt, men likevel dempet til stede, som én blant flere kunnskaper forfatteren har om natur. Rui er en forfatter med egenart og integritet.» Snurr mi eng er den fjerde boka til Rui.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO