Pressemelding -
Kari Stai er nominert til Brageprisen
Forfattar og illustratør Kari Stai er nominert til Brageprisen for barneboka Flokken, om den filosoferande guten Juri som står på terskelen mellom barndom og ungdom.
Om nominasjonen seier Kari Stai: “Det betyr mykje for meg å vere nominert med Flokken og Juri. Han har vorte ein viktig karakter for meg å skrive om og eg er glad for at ein så tilsynelatande forsiktig og ikkje-spektakulær type har vorte sett og gitt ein nominasjon. Om eg kan bidra med historier som får fram at alle har ei meir undrande og usikkert side i seg, kanskje til og med ein raring, er eg glad.”
Flokken er ein frittståande oppfølgjar til romanen Passe happy frå 2021. Til våren kjem den tredje boka om Juri, Raringen.
Rettane til Flokken er selde til Italia og skal ut på italiensk i samband med barnebokmessa i Bologna april 2026 kor Noreg er gjesteland. Boka er òg med i den prestisjetunge White Raven-utvalet, ein katalog over internasjonal barnelitteratur av særskild litterær kvalitet. Boka er illustrert av forfattaren.
Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar for barnebøkene om Jakob og Neikob, som Brageprisen, Kulturdepartementets debutantpris og illustrasjonspris, Teskjekjerringprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kritikarprisen.
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.