Gå videre til innhold
Lansering av "Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen" av Alfred Fidjestøl

Pressemelding -

Lansering av "Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen" av Alfred Fidjestøl

Biografien om Georg Johannesen fortel historia om ein samansett mann på tvers av si samtid. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar Alfred Fidjestøl eit uvanleg og fascinerande livsløp.

Arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 14.9.: https://www.facebook.com/event...

Arrangement på Litteraturhuset i Bergen 15.9.: https://www.facebook.com/event...

Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske diktsamling.

Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting, ekskludert frå Arbeidarpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk Folkeparti.

Trass eit uvanleg lyrisk talent ville han ikkje vere lyrikar. I staden var han universitetsprofessor i retorikk, men også her i konstant opposisjon til det norske fagmiljøet.

Georg Johannesen var heile livet ein mann på tvers av si samtid. Han var kompleks og paradoksal, ikkje alltid like lett å forstå, men alltid tru og konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått: «Skjelettet er innerst / i hver eneste
mann / Og hva har jeg innerst i hjertet? / Innerst i hjertet har jeg min forstand.»

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 300213776_10158416320130800_3483337447188431526_n
    300213776_10158416320130800_3483337447188431526_n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    960 x 540, 47.1 KB
    Last ned
  • 9788252187694 Innerst i hjertet Framside C
    9788252187694 Innerst i hjertet Framside C
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1824 x 2744, 7.34 MB
    Last ned
  • Alfred Fidjestøl
    Alfred Fidjestøl
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3598 x 4501, 884 KB
    Last ned