Pressemelding —
Lars Mæhle er aktuell med spennande og humoristisk lydserie for barn
Lars Mæhle er aktuell med "Hanna og farfars krimgåter", ein humoristisk spenningsserie på lyd for barn frå 6 år.
Når Hanna og farfar får beskjed om at farfar kanskje må på aldersheim, går verda nesten under. For kven skal passe på Hanna då? Ho har jo alltid budd saman med farfar i det gamle Kråkereiret. Blir ho kanskje sendt på barneheim? Det kan dei ikkje ha noko av, og for å bevise for Reidun i kommunen at farfar er heilt frisk i toppen, bestemmer Hanna og farfar seg for å løyse krimgåter. For då vil vel ingen tru at han ikkje kan passe på barnebarnet sitt? Det er berre eitt lite problem: det skjer ikkje så mykje kriminelt i den vesle bygda. Men gode etterforskarar gir seg aldri!
"Hanna og farfars krimgåter" er ein humoristisk spenningsserie frå ein av landets mest allsidige og erfarne barnebokforfattarar. Serien er lettbeint og humoristisk med eit alvor i botnen. Ordet demens blir aldri nemnt, men ord som surrete og gløymsk blir ofte nytta for å forklare demens for barn. I "Hanna og farfars krimgåter" tar Mæhle opp tematikken på ein enkel, varm og uhøgtideleg måte. Og viktigast av alt: Hanna og lyttaren får oppleve korleis ein surrete bestefar kan skape både rørande og morosame situasjonar.
Serien er laga eksklusivt for Fabel. Første episode blir lansert 8.juli, andre episode kjem 22.juli.
Vignettillustrasjon av Jens Kristensen.
Lars Mæhle (f.1971) er ein prisvinnande, allsidig og produktiv forfattar som skriv for både barn, ungdom og vaksne. Han har gjort stor suksess både heime og i utlandet med barnebøkene om Dinosaurgjengen.
Related links
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.