Gå videre til innhold
Lyrikar Tangerås oppmuntrar til små, daglege dosar med dikt

Pressemelding —

Lyrikar Thor Magnus Tangerås mikrodoserer dikt

At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Tangerås’ fjerde diktsamling, "Mikrodosering av dikt". Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre?

Denne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast.

om du legg hovudet
litt på skakke vil du
kan henda få høyra
kva dyra har på hjartet

jazzkonsert på låven
du lyttar til svalenes
brå moduleringar
oppunder takbjelken

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Han har seinare gitt ut samlingane Landskap med vindturbinar og Å, og i 2025 fekk han Bokhandelens forfattarstipend. Mikrodosering av dikt er den fjerde diktsamlinga hans.

Emner


Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (18).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.63 MB
    Last ned
  • Tangerås, Thor Magnus (c) Tove K. Breistein 2021_BRUK DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6720 x 4480, 15.7 MB
    Last ned
  • 9788234018176 Mikrodosering av dikt.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1299 x 2126, 106 KB
    Last ned