Gå videre til innhold
Maria Parr og Sigmund Løvåsen er nominerte til Brageprisen 2023

Pressemelding -

Maria Parr og Sigmund Løvåsen er nominerte til Brageprisen 2023

Maria Parr og Sigmund Løvåsen er nominerte til Brageprisen

Samlaget har to nominerte barnebøker til Brageprisen i år, Maria Parr for Oskar og eg og Sigmund Løvåsen for diktsamlinga Tusen elgar i garasjen.

“Dette er ei stor ære og gir motivasjon til å halde fram med å skrive for dei yngste lesarane. Hos barn opnar dikt opp for undring, spørsmål og samtale på ein annan måte enn det forteljinga og romanen gjer. Dikt for barn er ein viktig, men ofte usynleg sjanger. Også av den grunn er det fantastisk at det er funne plass til ei barnediktsamling blant dei nominerte,” seier Sigmund Løvåsen til forlaget. Det er første gong Løvåsen er nominert til Brageprisen.

“Tenk at kvardagsforteljingane i Oskar og eg får vere med på den festen det er å vere nominert til Brageprisen! Eg har hatt det så fint når eg har skrive om desse to barna, og ein langvarig draum gjekk i oppfylling då dei fekk liv gjennom fargeillustrasjonane til Åshild Irgens. Det er ei stor ære og ei veldig glede å vere nominert,” seier Maria Parr til forlaget. Dette er fjerde gong Parr er nominert til Brageprisen, ho vann prisen i 2009 for Tonje Glimmerdal og i 2017 for Keeperen og havet. Tidlegare denne veka vart det òg kjend at Oskar og eg er nominert til Bokhandlarprisen.

Brageprisen blir delt ut 23.november.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO