Gå videre til innhold
Foto: Julia Marie Nagelstad

Pressemelding

Maria Parr er nominert til Bokhandlarprisen 2023

Oskar og eg er einaste barnebok av dei ti nominerte til Bokhandlarprisen. Parr har vore nominert til Bokhandlarprisen to gonagr tidlegare, i 2009 og 2017. Det er tilsette i bokhandel som stemmer fram sin favoritt blant årets bøker, innanfor alle sjangrar.

Parr seier dette om nominasjonen: "Dette er veldig stas! Og hjarte gjer eit ekstra sprett fordi eg blir så glad kvar gong barnebøker på heilt sjølvsagt vis er med i samtalen om litteraturen vår."

Oskar og eg har hausta svært god kritikk frå eit samla pressekorps, og boka har toppa bestseljarlista fleire veker i haust. Boka er illustrert av Åshild Irgens.

Vinnaren blir annonsert under prisutdelinga på Litteraturhuset i Oslo 14.november.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Relatert innhold