Gå videre til innhold

Pressemelding

Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med ei original bildebok om einsemd, frykt og sopp

Prisvinnar og kritikarfavoritt Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med ei original og morosam bildebok om frykt, einsemd og skikkeleg god sopp

Jotten, Jotto og Larsen er på soppsanking, men plutseleg skjer det noko svært merkeleg. All soppen er borte! Nokon har stole frå alle sopp-kassene i bygda. Kva i all verda skal dei ete no? Når Jotten blir så svolten at han trugar med å ete Larsen, søker Larsen tilflukt hos fastlegen. Ho er jo alltid så snill. Men korfor oppfører fastlegen seg så merkeleg? Og kva er den mystiske røyken som siv opp frå bakken? Og kvifor luktar det så rart overalt?

Med Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen har Marianne Gretteberg Engedal skrive ei humoristisk og fantasifull historie om fellesskap, einsemd og skikkeleg god sopp.

Marianne Gretteberg Engedal (f.1986) er forfattar og illustratør frå Haugastøl. Ho står bak suksessar som Pølsetjuven, Kva tenker du på og Fugler du kan ha møtt (Aschehoug 2025). Ho har tidlegare fått Kulturdepartementets barnebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris for bøkene sine og blitt nominert til Brageprisen.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 02. september 2026 kl. 14.09.57-6.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1640 x 856, 1.5 MB
    Last ned
  • 9788234015250_Jotten, Jottto og Larsen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2638 x 3626, 800 KB
    Last ned