Pressemelding -
No kjem boka "Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie" Av Njord V. Svendsen
Boka blir lansert på Litteraturhuset i Bergen 5. mars kl 19 med både forfattar Njord V. Svendsen og dei to hovudpersonane i boka til stades.
Meir om boka Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie:
Ein oktoberkveld i 2004 møtest Bruce Timothy Morén-Duolljá og Svenn-Egil Knutsen Duolljáog på ein fest i eit gammalt hamnelager i Tromsø. Sidan har det vore dei to. Ein «lausunge» frå New York, ein «lappjævel» frå Tysfjord. Ein amerikansk lingvist, ein lulesamisk aktivist. Dette er forteljinga om to menneske som brenn for kvarandre, og for å redde eit utryddingstrua språk. Det er ei forteljing om tap, sorg, skam og traume, men også om kva ein kan få til når ein har kvarandre. Dette er ei forteljing om å stå fram, stå imot og stå for den du er.
Svenn-Egil Knutsen Duolljá, Svenne blant venner, voks opp i ein hardt prøvd lulesamisk familie, meir eller mindre tvangsflytta frå bygda dei kom ifrå. Bruce Timothy Morén-Duolljá klatra frå fattigdom på Staten Island, New York, til ei karriere som språkforskar på amerikanske toppuniversitet, og deretter nord i Noreg.
Det første møtet fann stad på eit kjøkken i Tromsø for nitten år sidan.
Bruce stod travelt opptatt med å gjere ferdig maten til feiringa av sin eigen 37-årsdag då han kom inn. På eit sekund var all mistru til ideen om kjærleik ved første blikk parkert. Bruce la frå seg kjøkkenkniven og handhelste på Svenne.
Sidan har det vore dei to.
NJORD V. SVENDSEN (f. 1973) kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og bur i Bergen. Svendsen har meir enn 30 års erfaring som journalist og jobbar i dag i Khrono. Han har fått fleire prisar for arbeidet sitt, blant anna NTBs språkpris og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2016 gav han ut barneboka Bomulv (ill. Akin Duzakin).
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.