Gå videre til innhold

Pressemelding —

Ny biografi; "Trond Mohn. Raus og nådelaus" av Anne Kari Hinna

For første gong kjem historia til den gåvmilde og gåtefulle Trond Mohn. Lansering 15. oktober.


Industrimannen og investoren Trond Mohn er ein hard forretningsmann med ein vilje av stål, men òg sosialdemokrat, opptatt av fellesskapet og norske arbeidsplassar. I lang tid har Mohn vore den største sponsoren til Arbeidarpartiet og har hatt ein tett relasjon til LO. Han har gitt milliardar til norsk samfunnsliv.

Journalisten Anne Kari Hinna fortel i denne uautoriserte biografien historia om Trond Mohn, om foreldra og flukta deira til Skottland under andre verdskrigen, oppveksten med tvillingbroren Stein Mohn og korleis rikdommen blei skapt i familiebedrifta Frank Mohn AS.

Det er òg ei historie om maktspel og bitre familiekonfliktar – med tvillingbroren, og med hans eigen son.

Trond Mohns sjenerøsitet har forandra lokalsamfunn, bygd sjukehus og styrkt idretten i heile landet. Boka viser fram kva som har vore motivasjonen hans for gåvene til fellesskapet, og kor viktig personlege relasjonar har vore i det filantropiske arbeidet.

Anne Kari Hinna (f. 1983) har vore journalist i Klassekampen i fjorten år. Ho er frå Fusa, busett i Bergen. Trond Mohn. Raus og nådelaus er hennar første bok.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (14).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.68 MB
    Last ned
  • 9788234018398 Raus og nådelaus.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1833 x 2752, 912 KB
    Last ned
  • AK Hinna-4.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3293 x 4259, 7.96 MB
    Last ned
  • AK Hinna-2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3648 x 5472, 8.51 MB
    Last ned