Gå videre til innhold

Pressemelding

Ny bok med fotballdikt; "Krysset er alltid ledig. Norge kan vinne VM og andre dikt" av Alf Kjetil Walgermo

På torsdag 21. mai når landslagstroppen vert offentleg, lanserer forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo ei saming fotballdikt med den modige tittelen Krysset er alltid ledig. Norge kan vinne VM og andre dikt.

– Ein må nesten dikte for å seie at det norske herrelandslaget i fotball kan vinne VM. Sjansen er ikkje stor, men det er mogleg! Krysset er alltid ledig! Det viktigaste er at vi ikkje har gitt opp på førehand. Slik er det også elles i livet: Draumen må vi aldri gi slepp på, seier Walgermo.

Då det norske herrelandslaget kvalifiserte seg til fotball-VM i 2026, braut det fram ei glede som minte Walgermo om ungdomstida si på 1990-talet.

Boka vev saman moderne fotballhistorie med trådar frå norsk visjonsdikting, og forfattaren si eiga livshistorie.

– Livet, og fotballen, spelar seg ut i spenn mellom siger og nederlag, lys og mørke, sorg og ekstase. Ragnarok kan lure rundt neste sving, men det finst også alltid eit håp om nytt liv, ny leik og nye gledesbrøl, seier Walgermo.

Dei leikne dikta opnar for jubel, spenning, nederlag og sigrar, og ber samtidig med seg eit eksistensielt alvor. Viktig er også den lysskapande funksjonen fotballen har i ei verd som iblant kan vere mørk.

Walgermo er sjølv ein del av Forfattarlandslaget i fotball, og har spelt ei rekke kampar med flagget på brystet. I dikta møter du ei rad andre kjente namn, frå Rune Bratseth og Kjetil Rekdal til Martin Ødegaard, Antonio Nusa og Erling Braut Haaland.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, i 2020 kom Bibelens kvinner og i 2025 kom Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene.

Forfattarportrett: Tone Leksbø Walgermo

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter