Gå videre til innhold
Ny bok om alderdomssjokket som ein dag tek oss alle

Pressemelding -

Ny bok om alderdomssjokket som ein dag tek oss alle

Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.

Dikta i Konfirmasjon til alderdommen er både humoristiske og kloke, og handlar om å tre inn mellom dei eldre, der det ikkje lenger er mogleg å gå i opptrødde spor.

Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er professor i genetikk og planteforedling. Bjørnstad er busett på Ås.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO