Pressemelding -
Ny bok som feirar begjæret; "Attrå. Erotiske fantasiar"
Attrå er ei sexy bok som både pirrar og utfordrar. Forfattarane har fått meske seg i den erotiske sjangeren, og lar fantasien få fritt spelerom til glede for lesaren.
Lansering på Ingensteds i Oslo på Den Internajonale onanidagen 7. mai;
https://www.facebook.com/event...
På fjellet, blant utstoppa dyr, over telefon, på svaberget, i ein ruin, på stovebordet, med avløysaren, med spelemannen, med musikklæraren, med eit troll, med nissen, med fotografen …
Kva er din våte draum?
Forfattarane som bidreg: Maren Barlien, Kari Anne Bye, Carl Martin Eggesbø, Monica Goksøyr, Sigrid Agnethe Hansen, Tormod Haugland, Ingvill Kjærstein, Oda Malmin, Odd Nordstoga, Brynjulf Jung Tjønn, Bjørn Vatne og Selma Lønning Aarø.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.