Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Ny roman frå Marit Eikemo; "Team Tuva"

Marit Eikemos nye roman Team Tuva kjem 6.10. 

Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.

Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen?

Team Tuva
er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 fekk ho Samlagsprisen.

Alle foto: Agnete Brun

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO