Skip to main content

Nynorsk på topp: Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen

Pressemelding   •   nov 19, 2020 09:34 CET

Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen. Foto: Agnete Brun (Fidjestøl) og Benedikte Skarvik (Nortun).

Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget. 

Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.

I haust har omlag 120.000 barn på mellomtrinnet lese utdrag frå ti norske barnebøker utgitt det siste året, og landa på fem finalistar til leselystprisen, som blir arrangert av Foreningen !les.

– Eg er utruleg glad for å bli nominert, spesielt med tanke på at det både er første gongen ei nynorskbok og første gongen ei sakprosabok hamnar i superfinalen, seier Fidjestøl.

Utdraget av Som ein bror har fått heile 3500 kommentarar frå barn på 5., 6. og 7. trinn.
– Eg trur barna blir fascinerte av det merkelege livet til sjimpansen Julius, og nyfikne på kor små skilnader det kan vere mellom eit menneskeliv og eit sjimpanseliv, seier forfattaren.

Glede og auka skrivemotivasjon er reaksjonen hos Nortun.

– Først blei boka nominert til Brageprisen, og no er ho blant dei fem finalistane til Bokslukerprisen. Dette er inspirerande – eg får lyst til å skrive meir, seier Nortun. Bokslukerprisen blir delt ut på Verdas bokdag, 23. april 2021.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.