Pressemelding -
Oddgeir Bruaset klar med sjølvbiografien "Vegen som vart min"
Oddgeir Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.
Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.
I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.
Oddgeir Bruaset (f. 1944) er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund. Bruaset jobba i NRK frå 1971 til 2014. Han har laga ei rekke program og er mest kjend som programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Bruaset har skrive ei trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar.
Forfattarportrett: Sara Sanderud.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.