Gå videre til innhold
Olga Ravn si nyaste diktsamling ute på norsk

Pressemelding -

Olga Ravn si nyaste diktsamling ute på norsk

Den kvite rosa av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren.

Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.

Når den kvite rosa
får deg til å falla
i dagar og død frå treet
så er ho samansvoren
berre med meg

Frå meldingar av Den kvite rosa:

«Det slående ved «Den kvite rosa» er selvfølgelig at Ravn faktisk evner å gjøre et av verdens mest forslitte kjærlighetssymboler til sitt eget. [...] Ravns overdådighet er smart nok til å bli forførende på ekte. [...] Ravn omfortryller overbelastede ord til språklig briljant sjeleføde.» - Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet

«Olga Ravns dikt er blendande vakre, djupt rørande . heilt magiske. [...] bildekrafta i Olga Ravns nye diktsamling er ikkje minimal, ho er maksimal.» - Lilian Munk Rösing, Politiken

Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar og forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng. I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose, og i 2018 romanen De ansatte. Ho er aktuell på dansk med den nye romanen Mit arbejde i desse dagar. Olga Ravn har også gjendikta Ann Jäderlund og Sylvia Plath (med Mette Moestrup) til dansk.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO