Gå videre til innhold
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Portrettfoto: Tove K Breistein

Pressemelding -

Om å reparere eit vennskap og finne ut kven ein kan stole på – spennande ny bok i «På flukt»-serien frå Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg: Polarnatt


Kven kan ein stole på?

Maja og Ilias har vore i trøbbel før, men no har dei ikkje snakka saman på lenge. Ein dag tar Maja mot til seg og besøker Ilias på asylmottaket. For ho treng hjelp. Motvillig blir Ilias med på ei ferd mot ei hytte langt inne i skogen, høgt oppe på fjellet. Dei skal levere noko proviant til beredskapslageret til tante. Trur dei, i alle fall. 

Men det er ikkje enkelt å vite kven dei kan stole på, og plutseleg har dei to nok ein gong hamna midt i eit drama på liv og død.

Dette er Sunniva Relling Bergs tredje bok i serien om Maja og Ilias, ein sterk oppfølgar til både Polarnatt og Soldagen.


Boka er utgitt med støtte frå Stiftelsen LESE, og er illustrert av Bjørn Rune Lie.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho mottok Bokhandelens barnebokstipend i 2014. Ho har seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Soldagen (2024) for ungdom. I 2021 kom Lyden av to hender, hennar fyrste roman for vaksne.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Nattsol Sunniva Relling Berg.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 3.25 MB
    Last ned
  • Berg_(C)ToveKBreistein06_BRUK_DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4480 x 6720, 22.6 MB
    Last ned
  • 9788234016318 Nattsol.jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2120 x 3323, 5.81 MB
    Last ned