Gå videre til innhold
Ottar Grepstad er aktuell med boka "Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005"

Pressemelding -

Ottar Grepstad er aktuell med boka "Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005"

«Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus

I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur.

I Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005 avslører Ottar Grepstad at det brann fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land i fredstid på 1900-talet. Dei som meinte dei representerte fleirtalet, brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bøker på nynorsk og samnorsk blei brende, hengde, drukna og jordfesta av di dei var skrivne på feil språk.

Brennarane var unge menneske med den høgaste allmennutdanninga i landet. No kjem dei til orde. Dei som meiner at dei fekk rett til slutt. Dei som tvilte då dei tende på. Ho som nekta å vere med. Han som bed om orsaking. Politiske miljø leika med elden og skapte eit meiningsklima som gjorde det lett å tenne på.

Grepstad går tett på båla som brann, dei som tende fyrstikkene, og kva båla førte til. Etter «Brent ord» er ikkje norsk kulturhistorie om vår nære fortid det den var.

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013 kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO