Pressemelding -
Prisvinnande barnebok om kjærleik, venskap og mobbing endeleg tilgjengeleg på norsk
Svenske Oskar Kroon vann den prestisjetunge Augustprisen 2023 for andre gong med romanen Kvitveis og pissrotter, og no er boka ute på norsk.
Kaj elskar storebror sin, Krister. For Krister kan ALT om robotar, verdsrommet og parallelle univers. Om å ta riktig buss og om å finne dei beste bruktkuppa på dynga. Krister tør å vere seg sjølv. Eller så klarer han berre ikkje å vere noko anna enn seg sjølv. Men det å vere Krister byr også på problem. Med dritsekken Sacke, for eksempel. Til slutt klarer ikkje Kaj å sjå på korleis Krister blir behandla av Sacke og gjengen på skolen lenger. Han må gjere noko. Han må redde Krister!
Kvitveis og pissrotter er ei stilrein og sterk barnebok frå ein av Sveriges fremste barnebokforfattarar. Kroon skildrar på meisterleg vis korleis mobbing rammar heile familien, men djupast sett handlar boka om kjærleik og venskap. For norske lesarar er det nærliggande å samanlikne Kroon med Maria Parr i hans talent i å skildre kvardagen og skrive i augehøgde med barnet.
Boka er illustrert av Hanna Klinthage.
Kvitveis og pissrotter er omsett av Mari Reinholt Aas.
Oskar Kroon (f.1980) kjem frå Växjö i Sverige. Han er forfattar og skribent, og har skrive fleire bøker for barn og unge, m.a. Vente på vind som òg vann Augustprisen og er gitt ut på Samlaget.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.