Gå videre til innhold
Alle dyr er BÆ er ei varm og sjarmerande biletbok frå Ruth Lillegraven og Victoria Sandøy.
Foto Lillegraven: Agnete Brun. Foto Sandøy: Maren Blindheim Børve.

Pressemelding

Ruth Lillegraven og Victoria Sandøy aktuelle med "Alle dyr er bæ", ei varm og sjarmerande biletbok for barn 0-3 år.

Kva seier sauen?

Storebror vil leike og prate med vesle Søss. Det er ikkje så lett. Søss kan verken snakke eller leike. Men ein vinterdag i sauefjøset seier Søss sitt første ord, nemleg «BÆ». Bror trur ho skal lære seg fleire ord, men alt er visst BÆ! Korleis skal han få Søss til å snakke?

Alle dyr er BÆ er ei varm og sjarmerande biletbok om livet på ein gard gjennom eit år, og om ein storebror som vil lære veslesøster å snakke. Boka syner korleis vi gjennom erfaring og sansing blir del av språkfellesskapen.

Dette er det første samarbeidet mellom forfattar Ruth Lillegraven og illustratør Victoria Sandøy, begge prisvinnande og kritikarroste.

Lansering 27.05.


RUTH LILLEGRAVEN (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte i 2005 og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne, som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris. Ruth Lillegraven har også skrive bøkene om Klodeklubben, som er illustrerte av Jens Kristensen.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Alle dyr er bæ, Lillegraven og Sandøy, foto Agnete Brun og Maren Blindheim Børve.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.53 MB
    Last ned
  • 9788234013201_Alle dyr er BÆ (2).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3512 x 3543, 2.57 MB
    Last ned
  • Sandøy, Victoria_foto av Maren Blindheim Børve.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1287 x 2048, 842 KB
    Last ned
  • Ruth Lillegraven8.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3406, 20.3 MB
    Last ned