Gå videre til innhold
Foto: Sara Sanderud

Pressemelding

Sigmund Løvåsen er aktuell med "Flaumen", ei morosam og dramatisk barnebok om tusenårsflaum

Sigmund Løvåsen er aktuell med morosam og dramatisk barnebok om tusenårsflaum

Finn og faren bur i eit hus på ein campingplass like ved elvebreidda i bygda. No er ein tusenårsflaum på veg, og skulen er stengd. Finn har fått streng beskjed om å halde seg langt borte frå elva medan pappa prøver å redde campingplassen. Men bestekompisen Jon meiner dei må redde noko, dei også. Og då treng dei ein plan. Redningsaksjonen Operasjon Olga blir starta. Den involverer mellom anna ein drill, ein kyrkjetenar og ei daud bestemor. Og Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Resten er strengt hemmeleg. Og ganske farleg.

Flaumen er ei morosam og dramatisk bok om ville naturkrefter og sjarmerande overmot for barn i alderen 9-12 år. Boka er illustrert av Kristoffer Kjølberg.

Sigmund Løvåsen (f.1977) er ein allsidig forfattar som har gitt ut både romanar, skodespel, barnebøker, biografiar og diktsamlingar. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.

Lansering 21.mai.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Sigmund Løvåsen (c) Sara Sanderud
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.84 MB
    Last ned
  • 9788234014512 Flaumen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3638 x 4843, 3.65 MB
    Last ned
  • Sigmund Løvåsen (c) Sara Sanderud 2026
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 9.06 MB
    Last ned