Gå videre til innhold

Pressemelding

Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien "Astrup"

Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien Astrup som blir lansert på Kode i Bergen 11.9.

Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å gjere research til ein ny og grensesprengande Astrup-biografi. Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde eigentleg det store stipendrøveriet til Ludvig Karsten blitt behandla? Ragnar og Steffen vil no kaste eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren. Men dei kan jo ikkje berre jobbe. Dei må ete og ikkje minst drikke også.

I løpet av opphaldet i Jølster og familiehytta til Ragnar prøver dei så godt dei kan å ha Astrup i fokus. Men andre spørsmål trenger seg på: Vil Oddvar Torsheim openberre seg? Finst det sjøorm i Jølstravatnet? Kvifor vaknar Ragnar med blod over heile seg? Kven tok bilde av Steffen og Ragnar då det var berre dei i hytta? Svara på dette og mykje meir får du i den geniale gonzobiografien Astrup.

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han gitt ut over 50 bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og for barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen, Brageprisen, Doblougprisen og Bastianprisen.

Steffen Kverneland (f. 1963) er ein av landets mest kritikarroste visuelle forteljarar. Han er kjend for sine «Amputerte klassikarar» og sjølvbiografiske bøker. Han fekk eit stort publikum med den teikna biografien om Edvard Munch, som fekk Brageprisen for beste sakprosabok i 2023.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (6).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.95 MB
    Last ned
  • 9788234014611 Astrup.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2539 x 3307, 2.49 MB
    Last ned
  • Ragnar_og_Steffen-3.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 1334, 1.47 MB
    Last ned
  • Ragnar_og_Steffen-4.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 1334, 1.28 MB
    Last ned