Gå videre til innhold
Foto: Sara Sanderud & Jens Kristensen (ill.)

Pressemelding -

Suksesserien Oppdrag romvesen blir bok

Suksesserien Oppdrag romvesen blir bok


Forfattarduoen Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde har gjort suksess med lyddramaet Oppdrag romvesen, no kjem historia om Jakob og Ramona i bokform!

Kvelden før Jakob skal begynne på skulen etter sommarferien, får han eit heilt eksepsjonelt oppdrag av statsministeren. Han skal passe på den nye nabojenta. Ganske snart finn Jakob ut at jenta, som får namnet Ramona, kjem frå verdsrommet! Oppgåva til Jakob er å passe på at ho og familien ikkje blir avslørte. Men korleis skal det gå når Ramona tek med seg ein diger fisk i matpakka, blir forvandla til ein hai når dei er i akvariet, og får alle i klassen til å sovne når ho syng?


Oppdrag romvesen-serien er veldig populær på lyd, og no er han aktuell i bokform. Bøkene er rikt illustrerte av Jens Kristensen. Bok nummer ein, Den nye naboen kjem ut hausten 2025 og bok nummer to, Universets vaktar kjem vinteren 2026.

Ingunn Thon (f.1986) debuterte med Ollis i 2017. For denne blei ho nominert til ARK barnebokpris, og boka er omsett til fleire språk. Ho er journalist og tekstforfattar, og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Hennar siste bok Full bajas blei nominert til Barnas bokpris.

Christian Wiik Gjerde (f.1981) debuterte med Jakta på firkløveren i 2016. Boka er omsett til tysk og russisk. Hans siste bok er adventsboka Jul på Bukken hotell i 2019. Han er utdanna journalist og tekstforfattar, og har også arbeidd i NRK Super.

Jens Kristensen (f.1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, mellom anna Klodeklubbserien som han fekk KUD illustrasjonspris for i 2021.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Thon og Gjerde (c) Sara Sanderud (c) Jens Kristensen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 15 MB
    Last ned
  • 9788234014574_Den nye naboen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2232 x 3187, 4.6 MB
    Last ned