Gå videre til innhold

Pressemelding

Tore Kvæven klar med ny roman "Eit spor til endes"

Tore Kvæven som vann Brageprisen for Når landet mørknar, er klar med romanen Eit spor til endes om Torstein som veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.

Faren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og inntekter. Saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy frå løene, vedhogst og dyrestell.

På nabogarden bur Theoline, ho er eit halvt år yngre enn Torstein. Ho er kvikk og uredd og hoppar like langt som gutane på ski. Ho er den beste vennen han har, men no ligg barndommen bak dei, og mangt er i endring.

Då den vide fjellheimen kring Helleren byrjar å krevja meir enn han gir, må Torstein finna sin eigen veg. Ut i vinterens øydemarker, eit spor han følgjer.

Kvæven er blitt hylla for sin særeigne stil og språk, og sanslege, indre skildringar dyr og natur. Han har ei unik evne til å gå inn i grunnvilkåra til menneska til ulike tider.

Sagt om Kvævens tidlegare bøker:

Seksar: Mesterlig norsk roman! Tore Kvævens nye historiske roman om menneskene i middelalderen er så mesterlig og makeløst skildret at VGs anmelder måtte lese noen kapitler flere ganger.
Tom Egeland, VG

Seksar: En helt utrolig roman! ... «Når landet mørknar» er en på alle måter stor fortelling. Når dette skrives er det ennå tidlig vår, men det er ingen dristig spådom at den kommer til å overleve bokhøsten.
Fartein Horgar, Adresseavisen

Seksar: ... ein stor forfattar i ein sjanger som er heller sjeldan i vår tid. ... Det gjekk ikkje lang tid før eg vart fanga. Stoffet, handlinga og språket fengsla meg.
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen

... en imponerende dannelsesroman fra vikingtida. ... bunnsolid innsikt i vikingkulturen; fra detaljer om mat, skikker og klær til vikingenes mentalitetshistorie, æres- og hevnkulturen.
Cathrine Krøger, Dagbladet


Kvævens bok er mesterlig skrevet, fascinerende tenkt. På mange måter kunne man si at han bringer 1200-tallets mennesker nærmere oss. Det ville vært helt sant. Men han gjør mer enn det – han viser menneskets grunnvilkår i ethvert samfunn, enhver tid. Dette må være en vel fortjent Bragepris.
Mona Ringvej, Klassekampen


« Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle.»

Mia Bull-Gundersen, BOK365

«Få norske forfattere behersker et like bredt repertoar som det Tore Kvæven viser i Raudt støv»

Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Forfattarportrett: Tommy Ellingsen

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (5).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.95 MB
    Last ned
  • Kvæven-Tore-fotoTommyEllingsens2026_01-web.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2362 x 3307, 4.82 MB
    Last ned
  • tommyellingsen.JPG
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2953 x 1970, 1.3 MB
    Last ned
  • 9788234016660 Eit spor til endes.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 1.2 MB
    Last ned