Gå videre til innhold

Pressemelding -

Trude Tjensvold, Aina Basso og Andrea Rudland Haave er nominerte til KUD-prisane

Trude Tjensvold, Aina Basso og Andrea Rudland Haave er nominerte til Kultur-og likestillingsdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2025


Andrea R. Haave fekk strålande meldingar for romanen Sytten, snart atten då ho debuterte våren 2025. No er ho nominert til KUD debutantprisen. Juryen skriv i grunngivinga for nominasjonen: “I debutromanen til Andrea Rudland Haave er det destruktive forholdet skrive fram med nerve. Forteljinga er medrivande og intensiv, og lesaren kjenner stadig på ei uro for korleis det skal gå vidare med Mia. Persongalleriet er lite, men sett saman av truverdige og tydelege menneske som alle spelar ei rolle for utviklinga av historia. Og sjølv om språket er munnleg og enkelt, er det mykje som blir underkommunisert. Slike opningar i teksten, som elles er sjeldne i realistiske ungdomsromanar, gjer at Sytten, snart atten ikkje berre tematiserer eit viktig problem, men òg framstår som ambisiøs litteratur.”

Trude Tjensvold og Aina Basso er begge nominerte for beste skjønnlitterære bok. Om Misty aleine av forfattar, illustratør og biletkunstnar Trude Tjensvold skriv juryen: “Trude Tjensvold skriv innsiktsfullt om krig og flukt, og gjennom bruken av dyreperspektivet gjer ho eit komplisert og aktuelt tema tilgjengeleg for barnelesaren. (...) Dei stadige glimta av håp, i kombinasjon med ei medrivande forteljing, gjer Misty åleine til eit svært vellukka prosjekt.”

Om Før det blir morgon av Aina Basso skriv juryen: “Gjennom grundig research gjev Basso liv og kompleksitet til eit univers vi sjeldan finn i norsk ungdomslitteratur. Til trass for dette kjennest tematikken stadig aktuell. Boka er gripande og Aina Basso skapar på elegant vis kontrast mellom sterke hendingar og eit nøkternt og veloverveid språk. Det er i seg sjølv inga lita bragd.Frå før er Basso nominert til Uprisen for same bok.


Prisene blir delt ut av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, mandag 16. mars.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter