Pressemelding -
Trusesal, sugardating og jakta på tilhøyrsle – ny ungdomsbok frå Ingelin Røssland
Kva skjer når ønsket om å bli sett og høyre til gjer at du trår over eigne grenser? I ungdomsromanen Pass dine eigne saker tek Ingelin Røssland lesaren tett på dei risikofylte vala ungdom gjer i eit forsøk på å finne sin plass.
Då Ida kjem tilbake frå sommarferien, er bestevenninna Pernille nesten ikkje til å kjenne att: platinablondt hår, nye klede, kontaktlinser – og dei populære jentene Thea og Naomi som faste følgjesveinar. Ida forstår raskt at forvandlinga kostar pengar, men forklaringa om å hjelpe ein gamal nabo held ikkje vatn. Når Ida begynner å grave, oppdagar ho at Pernille har begynt med sugardating og trusesal, og i eit desperat forsøk på å redde vennen sin lagar Ida sin eigen profil for å lokke fram dei eldre grisane som kjøper trusene til Pernille. Men har Ida kontroll? Og kan ho ordne opp sjølv utan å avsløre kva Pernille gjer på nett?
Pass dine eigne saker er ein intens, lettlesen, ubehageleg, men òg underhaldande roman om nettvett, lojalitet og om å miste kontrollen over eiget liv. Boka skildrar kor sårbare grenser kan bli når bekrefting og status veg tungt, og bestevennen din ikkje lengre er din beste venn.
Boka er gitt ut i samarbeid med Stiftelsen LESE.
Ingelin Røssland (f.1976) er ein prisvinnande forfattar og omsetjar. Ho debuterte med Viss du vil i 1998, og fekk Uprisen i 2007 for Handgranateple. Pass dine eigne saker er hennar niande ungdomsbok. Ho er særleg kjend for engasjerande, humoristiske og samtidig alvorlege skildringar av ungdomstid, identitet og press.
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.