Pressemelding -
"Vaim" av Jon Fosse får strålande mottaking i utlandet
Vaim, Jon Fosse sin første roman etter han fekk Nobelprisen i litteratur, blir varmt tatt imot i utlandet.
Vaim er den første av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim. Neste haust kjem Vaim Hotell og i 2027 kjem Vaim Vekeblad. Boka er kåra til ei av årets beste bøker i The New Yorker, Financial Times og Publishers Weekly. The Guardian kallar boka "eit merkeleg mirakel".
Agenten til Fosse, Gina Winje i Winje Agency, fortel at boka er selt til utgiving på nitten språk, og at fleire står for tur.
-mottakinga er overveldande i dei landa boka alt har kome ut; Storbritannia, Usa, Tyskland og Danmark. Dette er universell verdslitteratur.
frå meldingane:
"… ein underleg fengslande fabel om – kanskje – tolmod, nåde og lagnad. […] … det er mykje å beundre i Fosse sin rytmiske prosa, i dei plutselege humorutbrota og kjensla for det gjennomgåande underlege i livet."
The Wall Street Journal
"Gjennom den stille, rytmiske prosaen hans blir noko nesten guddommeleg synleg. […] Fosses romanar går inn i det merkelege, samtaleliknande i eit menneske sitt medvit, personlege stemningar og særprega ønskje. […] Til slutt er Vaim like merkeleg og overraskande som livet sjølv"
Financial Times
"partia som er forankra i kvardagen slår verkeleg an – scenar med kjøtbollar og riskrem, samanlikningar mellom amerikanske og europeiske koffertar, Jatgeir som innrømmer at han store delar av livet har kjent seg nærare båtar enn noka kvinne … Korleis kan prosa som er så enkel – puter er «fine», arbeid er «trygt» – pulsere av så mykje kjensle? (...) Og korleis kan ein romanforfattar få lesaren til å kjenne seg både fortapt og funnen på same tid? Det er merkeleg. Eit merkeleg mirakel."
The Guardian
Forfattarportrett: Agnete Brun
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.