Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

    Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale»
    Prisen vart delt ut under landsmøtemiddagen til Noregs Mållag i helga. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner. 
    Juryen har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen og dei skrive denne grunngjevinga: 
    «Årets vinnar av Nynorsk Litteraturpris

  • Forfattarens skriftstader

    Kva skjedde med kjøkkenet i Henrik Ibsens barndomsheim i Skien? Korleis blei Arne Garborgs skrivestove på Jæren ein minnestad? Kvifor blei det inga forsoning i Grimstad då byen skulle vere med og feire hundreårsjubileet for Knut Hamsun? Og kva skjer når Hans Børlis skrivestader blir minnestader?
    Desse og mange andre spørsmål får sine svar i antologien Forfattarens skriftstader, den første norsk

  • Nathaniel Farrell først ut i amerikansk gjendiktingsserie

    Nykommar av Nathaniel Farrell er første bok ut i Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi frå USA. Seinare i vår kjem Julian T. Brolaskis Råd til elskande og antologien Amerikansk samtidspoesi, ei samling med åtte toneangivande amerkanske poetar - redigert av Rune Hjemås og Mathias Samuelsen. Til hausten kjem Clauda Rankines Medborgar.
    Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omski

  • Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

    Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka «Keeperen og havet». Prisen er på 30 000 kroner og har blitt gjeve ut sidan 1968.
    – Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga. 
    Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fred

  • Sterk samlivsroman frå Marit Eikemo

    Marit Eikemo tek for seg det moderne samlivet i si nye bok. Gratis og uforpliktande verdivurdering er ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv.
    Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andrea

  • Samlaget utvidar

    Det Norske Samlaget har dei siste åra har hatt stor suksess både litterært og økonomisk, toppa i fjor med m.a. Brageprisar til Olaug Nilssen og Maria Parr, og Elena Ferrantes kritikarroste bøker på bestseljarlista. No utvidar forlaget med ei ny forlagsredaktør-stilling innan norsk skjønnlitteratur og ein ekstra manusredaktør. Ettersom forlaget frå før også skulle erstatte to redaktørar og ein mark

  • Upubliserte dikt frå Olav H. Hauge i den nye boka "Seljefløyta"

    Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong i den nye boka "Seljefløyta"
    I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset Seljefløyta til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljef

  • Fabelaktige kritikkar til Tore Kvævens roman "Når landet mørknar"

    Tore Kvævens episke roman frå Grønland på slutten av 1200-talet, Når landet mørknar, har fått seksar på terningane og fabelaktige meldingar.
     
    Mesterlig norsk roman! Tore Kvævens nye historiske roman om menneskene i middelalderen er så mesterlig og makeløst skildret at VGs anmelder måtte lese noen kapitler flere ganger.
    Tom Egeland, VG
    ... ein stor forfattar i ein sjanger som er heller

  • Lansering av fotoboka "Folk i vest" av Odd E. Nerbø

    Lanseringsarrangement på Norli Strandgaten i Bergen, 15.3. kl 20. Finn Tokvam intervjuar fotograf og forfattar Odd E. Nerbø.
    Dei siste par åra har Odd E. Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. I Folk i vest. Alle har ei historie møter vi 150 av dei. Asa Shimada, som fortel om den første gongen ho fekk ein klem frå mor si. Anton Joha

  • Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

    I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke. 
    Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det lat

  • Tora Seljebø klar med romanen "Huset på prærien"

    To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut.
    Tora Seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på No

  • Gjertrud Langva debuterer med "Vi spring ikkje slik vi sprang"

    Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte,

Vis mer