8 nye titlar inn i Leseland
Det Norske Samlaget fyller på med 8 nye lettlesbøker i serien Leseland.
- I haust er det nivå tre og fire som har fått etterlengta påfyll, med titlar som spenner vidt, frå ponnihistoriar og redningsaksjonar til forteljingar om vennskap og rakettar, fortel redaktør Elen Betanzo.
- Og ikkje minst får vi møte den stakkars Heksa Galla som er livredd for barn. Og kva skal ho gjere med det, då?