Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • "Miklastaur" av Mads Rage - burlesk roman om sosial utstøyting

    Mads Rages nye roman Miklastaurer ei ellevill soge med alvorleg undertone.
    Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han e

  • Samlivsroman om å leve i bulderet frå undergangen

    Men ikkje Maria av Erlend Kaasa er ein samlivsroman der hovudpersonane lever i bulderet frå undergangen. 
    Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagsl

  • Ny roman med Kielland-ulykka som bakteppe

    I Atle Berges nye roman Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt.  Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.
    Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeinge

  • Ny roman frå Elena Ferrante på norsk til våren

    Elena Ferrantes italienske forlag melder at det kjem ein ny roman frå forfattaren på italiensk 7.11.
    – Vi er så begeistra for å høyre at Ferrante har skrive ny roman. Dette fekk vi vite for kort tid sidan, og vi fekk lese eit kort utdrag. Romanen kjem på italiensk i november, og vi håpar å ha den norske utgåva klar i mai, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.
    Elena Ferrante blir k

  • 6 nye titlar i Leseland-serien

    6 av dei 4 nye Leseland-bøkene er nyskrivne forteljingar av norske forfattarar. Mellom dei som debuterar som lettles-forfattar er Maria Parr.

  • Bildebok om å sakne ein forelder

    Sivert N. Nesbø har gitt ut fleire kritikarroste vaksenbøker, og barnebokdebuterer no med bildeboka Hauk, illustrert av kunstnaren Susanna Kajermo.
    Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake?
    Hauk handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der,

  • Jens Kihl er ute med boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood"

    Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. I den nye boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood" følgjer vi journalisten Jens Kihl turen rundt til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?
    Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar h

  • Velkomen til lansering av Jon Fosses storverk Septologien 6. september kl. 9

    Fredag 6 . september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien og storverket Septologien som har tittelen Det andre namnet.Forfattaren er sjølv til stades på lanseringa på Det Norske Teatret kl 9 på fredag. Det blir kaffi og sveler til alle. Hildegun Riise og Benedicte Maurseth framfører utdrag frå boka. Introduksjon til verket ved re

  • Rune Belsvik aktuell med ny barnebok

    Rune Belsvik er for mange kjent som den prisvinnande og kritikarroste forfattaren av Dustefjerten-bøkene. I haust er han aktuell med barneboka Fugleguten, ei poetisk og sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene.

  • Ny barnebok av Harald Nortun

    Ny barnebok av Harald Nortun, forfattaren bak kritikarroste Eksperimentet.
    I Blå flaggermus skildrar Harald Nortun korleis det kjennest å føle seg utanfor. Men og om korleis det kjennest å endeleg bli sett. Blant anna når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans.
    Sommarferien har akkurat starta. Sander og vennen Tomas har bisnissplanar. Men ein spøk med ketsjupblod

  • Ny bok om Jakob og Neikob

    Jakob og Neikob. Stormen av Kari Stai er den sjette boka i den populære og prisvinnande bokserien om Jakob og Neikob. Dette er ei aktuell bok som set fokus på klimaspørsmålet og overforbruk for dei minste lesarane.
    Jakob og Neikob møter Spinnvill som kan lage alt mogleg på fabrikken sin. Dei blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusteromm

  • ​Samlaget senkar prisane på alle sine e-bøker

    Frå i dag 1. juli blir meirverdiavgifta på 25 prosent på e-bøker fjerna.
    -Samlaget vil at dette skal kome lesarane til gode og vi set derfor ned prisen med 25 % på alle våre e-bøker frå i dag, seier adm. direktør i Samlaget, Edmund Austigard.
    Samlaget har omlag 600 e-bøker tilgjengeleg for sal i alle dei norske nettbokhandlarane. Dei kan også lett overførast til Kindle.

  • Storverket Septologien av Jon Fosse kjem i september

    6 . september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien Septologien som har tittelen Det andre namnet.
    For Jon Fosse har det vore ein uvanleg skriveprosess. -Septologien skreiv seg så å seie sjølv, og han skreiv seg sjølv uventa lang. I min forfattarskap har aldri noko liknande skjedd, seier han
    Septologien er eit suggererande o

  • Ny bok om skeiv historie frå norrøn tid til i dag

    I den nye boka Skeive linjer i norsk historie frå norrøn tid til i dag gir Hanne Marie Johansen ei første samla oppsummering av skeive si historie i Noreg. Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. I eldre kjeldemateriale finn vi få spor etter skeive; korleis skal det

  • Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

    Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad.  Prisen er på 200 000. Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld.
    Dobloug-prisen vart oppretta i 1938

  • Olaug Nilssen klar med farse frå bokbransjen

    Olaug Nilssen har opplevd ein enorm suksess med romanen Tung tids tale, som både vann Brageprisen og har eit  opplag på 40 000. 16. mai er Nilssen klar med noko heilt anna. Ikkje tenk på det er ei slagferdig og uhøgtideleg farse i seks scenar frå bokbransjen.
    Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn,

  • Hallgeir Opedal aktuell med boka "Heim. Ei vandrehistorie"

    Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til plassen der han voks opp. Han pakkar sekken, låser leilegheita og vandrar vestover mot Hardanger. Framføre seg har han nær 400 kilometer med asfalt.
    Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for vandringa, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei føre

  • Ny novellesamling frå Anna Gavalda på norsk; "For ope hjarte"

    Anna Gavalda er elska av lesarar over heile verda. I For ope hjarte byr ho på sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
    Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva – den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fa

Vis mer