Ny bok om Kåre og Marimba frå forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn blir lansert 08.04.
Kåre og Marimba er tilbake! Fantasileik og skaparglede. Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere?