Ny bildebok frå årets festspeldiktar Kari Stai
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Kari Stai er aktuell med den sjuande, og aller siste boka om Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen.
Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom.
Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.
For Sofi er så fin at Juri mistar pus
Jakob og Neikob er tilbake! I Kari Stais fjerde bok, Jakob og Neikob Naboen, opplever dei to venene at ein heilt ny person flyttar inn ved sidan av dei.
Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, i Jakob og Neikob og det tomme rommet. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.
Kari Stai har fått Kritikarprisen 2012 i klassen beste barnebok for "Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake."
Kari Stais biletbok "Jakob og Neikob" av Kari Stai og Elin Grimstads debutbok "Månen som ville lyse som ei sol" er selt for utgjeving i India.
Kari Stais biletbok Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app. No er dei populære karakterane tilbake i boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake som alt er selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark.
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO