Gå videre til innhold
Ny bildebok frå årets festspeldiktar Kari Stai

Pressemelding -

Ny bildebok frå årets festspeldiktar Kari Stai

Denne våren er Kari Stai aktuell med ny bildebok og som festspeldiktar.

Rakel er ei sprudlande jente som elskar å utfalde seg i klasserommet. Men kva skal dei gjere i dag? Vi skal lage farsdagskort, seier vikarlæraren. Då rømmer Rakel under pulten.

Men under pulten sit det ein til. Kan det vere Mikal, den nye guten? Vil ikkje han skrive farsdagskort heller? Og kva er det med vikarlæraren, som plutseleg verkar så redd?

Er det sant at handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik. Kan nye vennskap vekse fram om ein deiler løyndommar med kvarandre?

I Er det sant at fortel skildrar Stai gjennom tekst og bilete korleis skam og løyndom kan opplevast for eit barn.

Kari Stai (f.1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne bildebok-klassikarar. Bøkene er omsette til fleire språk og er blitt sett opp på teater. I 2021 debuterte Stai som romanforfattar med den illustrerte barneboka Passe happy. I 2023 er ho festspeldiktar under Festspela.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO