Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Leselaget med Hoem, Ullmann og Nedrejord - ny podkastserie

    Kva gjer ein tekst udøyeleg? Og kva er ein klassikar? I Leselaget vil ulike forfattarar, dramatikarar og teaterfolk som er knytte til repertoaret på Det Norske Teatret dissikere aktuelle klassikarar. Først ut er Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolai Leskov.

  • Bikubekveld: Overraskar kvar gong

    Bikubekveld - Det Norske Teatrets "late night show" - let seg rett og slett ikkje sette i bås. Her kan ein oppleve alt frå voguing og musikalsk bingo med charter-tema til slampoesi, norske viser og Disney-klassikarparade. Først ut er ei hylling til alle damer.

    VÅRENS FØRSTE BIKUBEKVELD
    A TRIBUTE TO WOMEN
    med Enya Weibell, Shelmith Øseth, Irma Michaela Gilboe, Hoang Vy Le, Sophie Speig

  • Hiphop-verkstad for barn

    ​I helga blir Det Norske Teatret fylt av barn som skal få bryne seg på hiphop-elementa.

  • Teaterverkstad for barn

    Med inspirasjon frå familieframsyninga Nila og den store reisa, inviterer teateret teaterglade barn til ein kreativ og leiken dag.

  • Skodespelarband startar opp Bikubekveldane

    Haustens Bikubekveldar startar hardt med kroatiske pølser, store kjensler og østeuropeisk rock. Bandet, som utelukkande består av skodespelarar frå framsyninga Den siste kongsfesten, kan ein oppleve heilt gratis under Oslo Kulturnatt.

  • Kulturnatt med urban Bikubekveld

    ​Det Norske Teatret sparkar i gang haustens Bikubekveldar med gratis urban kunst-sjokk i samband med Oslo Kulturnatt.

  • Hip hop-kids inntek Hovudscenen

    Laurdag blir Det Norske Teatret fylt av danseglade barn som skal få prøve seg på sjølvaste Hovudscenen.

  • Barn og unge frå heile verda med KORK på scenen

    100 aktørar frå 35 ulike land står saman på scena med Kringkastingsorkesteret i framsyninga Fargespill - KORK, som gjorde braksuksess under Festspillene i Bergen. No kan Oslopublikumet glede seg til å oppleve det forrykande stemnemøtet mellom ulike kulturuttrykk.