Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3
Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.
Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.
Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Det Norske Teatret.
Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar, H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av jon Fosse.
I morgon sparkar Fossefestivalen i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang
- Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er blant dei trufaste lesarane til Jon Fosse og har takka ja til å vere høg beskyttar av DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen, som i år blir arrangert i perioden 5. til 13. september. Samtidig kan vi offentleggjere heile breidda i det kunstnarlege programmet til DIFF.
Dei som er fødde på 80- og 90-talet har mest truleg kjennskap til, eller nærer djup kjærleik til, Playstation-spelet Tekken. Det går ut på å slåst med ulike karakterar - og no er spelet utgangspunkt for ei teaterframsyning der publikum sjølve er med på å bestemme kva som skal skje.
Foajeen ved Scene 2 har blitt til ein iglo - og her bur dei to gode vennene Unni og Gunni. Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal gir liv og kjensler til dei to pingvinane, som inviterer publikum med ei leiken og koseleg stund med alle regnbogens fargar.
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - blir i år arrangert for fjerde gongen med eit knallsterkt program. Både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang, får eit sjeldan høve til å oppleve Jon Fosses univers på nært hald gjennom ei dryg veke.
Kritikarane henta fram dei store superlativa da Vigdis Hjorths omdiskuterte og sjølvbiografiske roman hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018. 3. mai får framsyninga nypremiere på Det Norske Teatret - framleis med Kjersti Elvik i hovudrolla - flankert av eit heilt nytt og knallsterkt ensemble.
I dag lanserer teatersjef Kjersti Horn repertoaret for hausten 2025. Store romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.