Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Foto frå Tid for glede av Arne Lygre, som har fått 7 av 11 Heddaprisnominasjonar. På bildet er Kyrre Hellum, som er nominert til Beste mannlege skodespelar/medspelar for rolla han gjorde i Lehmantrilogien. Foto: Pernille Sandberg.

    11 Heddapris-nominasjonar til Det Norske Teatret

    Det er definitivt tid for glede på Det Norske Teatret når heile 11 Heddapris-nominasjonar er stila til ei av våre framsyningar. Og - nettopp - Tid for glede er den største prisgrossisten av dei alle med heile 7 nominasjonar.
    - Å bli nominert til 11 prisar i eit år da to år som oppsummerast, må jo reknast som ein siger i seg sjølv, seier ein svært nøgd teatersjef Erik Ulfsby. Han ser dette som e

  • Oddgeir Thune spelar veslebror i ein familie med fire barn, der eitt av barna har ei psykisk utviklingshemming. Foto: Kim Hiorthøy.

    Korleis påverkar det familien når eitt av barna har spesielle behov?

    Får alle barna like mykje merksemd og kjærleik i ein familie der eitt av barna har spesielle behov? I mange tilfelle gir nok svaret seg sjølv. Mor og far strekk ikkje til. Det eine barnet krev for mykje. I BROR (LIVET #3) blir publikum vitne til eit opprivande familieoppgjer mellom dei vaksne barna og mora om korleis dei har opplevd oppveksten med ei psykisk utviklingshemma søster.
    BROR (LIVET

  • Lehmantrilogien fekk strålande kritikkar, men møtte mange humpar i vegen. Både pandemi og streik bidro til avlyste framsyningar. Foto: Erika Hebbert.

    Oppsummering av eit turbulent år

    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 30. april. For første gong på tre år blei møtet halde fysisk med vel 200 frammøtte.
    Året i tal
    Kort oppsummert viser tala for 2021 eit besøkstal på 73 385 (103 018 for 2020 og 280 116 for 2019). Av desse var 20 037 (10 232 for 2020) på digitale direktestrøymingar som gav nærare dryge halvannan million i inntekt. . Samla billettinntekter var p

  • Kanskje gjekk aldri vaktmeisteren heim frå jobb? Foto: Morten Bendiksen.

    Bryt seg inn i eit avstengd bygg

    Urban exploring er ein subkultur der folk oppsøker forlatne bygnader og plassar som gjerne ikkje er tilgjengelege for folk flest. Det forlatne Siemens-bygget på Linderud er eit slikt bygg. I Shiemens får publikum høve til å vere urbane utforskarar og oppdage bygget innanifrå.

    SHIEMENS
    av deWangen-produksjoner
    URPREMIERE TORSDAG 5. MAI KL. 19.00
    SIEMENSBYGGET, LINDERUD

    Mange

  • Har mannen utspelt si rolle? Foto: Pernille Sandberg.

    Mannen i krise

    Dei seinare åra har det blitt hevda at mannen og mannsrolla er i krise. Kan det hende at Strindberg forutsåg dette allereie da kvinnekampen var i sin spede barndom for over hundre år sidan? Regissør Eirik Stubø kallar Faderen ein svanesong over mannsrolla.

    FADEREN
    av August Strindberg
    PREMIERE LAURDAG 7. MAI KL. 18.00
    SCENE 2
    Står menn i eit krysspress av forventningar? Incelkul

  • Har krigsforbrytelsar ein utløpsdato?

    Har krigsforbrytelsar ein utløpsdato?

    Er alle russarar ansvarlege for krigshandlingane som akkurat no skjer i Ukraina? Er alle tyskarar som levde under krigen, og etterkommarane deira, ansvarlege for gassinga av jødane? Er alle jødar ansvarlege for ekspropiering av palestinske område og bombinga på Gaza-stripa? Amsterdam tek opp korleis byrda for krigsforbrytelsar stemplar folkegrupper og går i arv til framtidige generasjonar.

  • Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen publikum med gjennom viktige hendingar i bondehistoria sidan andre verdskrigen. Foto: Teater Vestland.

    Kva har skjedd med den norske bonden?

    Vil bygdene våre overleve? Framsyninga Bondetinget set fingeren på paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata.

  • Heksa har vore Heidi Gjermundsen Brochs draumerolle heile livet. Her i vakker versjon etter at forbanninga er broten. Foto: Erik Berg.

    Endeleg premiere på Into the Woods

    - Eg har venta på å spele heksa i Into the Woods i 20 år, da kan eg saktens vente ett år til, var Heidi Gjermundsen Brochs lakoniske kommentar da produksjonen blei koronautsett i ett år etter prøvestart i fjor. No blir det endeleg premiere - og endeleg får Gjermundsen Broch spele drøymerolla - med laustenner og fingrer som slår gneistar.
    INTO THE WOODS
    AV STEPHEN SONDHEIM OG JAMES LAPINE

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.

    Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

    - Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for pu

  • Espen Esther Pirelli Benestad er av dei personane som har brote grenser og kjempa for retten til å vere og kjenne annleis. Foto: Fin Serck-Hanssen.

    Skeive ikon på Det Norske Teatret

    I år er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert på Det Norske Teatret, mellom anna gjennom ei utstilling med unike portrett av nokre av dei som kjempa fram lovendringa og som har prega arbeidet for homofiles rettar.

    SKEIVE IKONER
    UTSTILLINGSOPNING LAURDAG 19. MARS KL. 17.30
    FOAJEEN PÅ DET NORSKE TEATRET
    Utstillinga Skeive ikoner er eit samarbeid m

  • Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.

    Svein Tindberg får Vennelagsprisen 2022

    I går kveld mottok Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg Vennelagsprisen 2022 frå Venner av Det Norske Teatret.
    Prisen er på 30.000 kr., og skal i følgje vedtektene bli gitt til ein som er fast tilsett ved Det Norske Teatret, og som har gjort ein viktig innsats for teateret i seinare tid.
    Svein Tindberg er ein utøvande kunstnar som gjennom mange år har via sitt engasjement til temat

  • Nasjonalteatret i Zagreb i Kroatia er eit gamalt og ærverdig bygg.

    Bienes historie får premiere i Zagreb

    Midt under pandemien hausten 2020 fekk Maja Lundes kritikarroste roman Bienes historie i ein versjon av Lunde/Ingrid Weme Nilsen/Ola E. Bø/Nils Bech premiere i samarbeid med Nasjonalballetten. No set teatersjef Erik Ulfsby og heile det kunstnarlege laget framsyninga opp i Kroatia i ein ny teaterversjon.
    Sidan urpremieren på Bienes historie har FNs klimapanel kome med fleire åtvaringar om kor kr

Vis mer