Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Christian Ruud Kallum spelar rolla som Mattis i Fuglane på Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.

    Fuglane trekker tilbake til Det Norske Teatret

    I jubileumsåret til Tarjei Vesaas  (1897-1970) hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen til Hovudscenen. Regien av Fuglane er ved den belgiske regissøren Luk Perceval, som vann Heddaprisen for beste regi sist han besøkte teateret med Jon Fosses Trilogien. Unikt for denne produksjonen er også at publikum kan følge prøvane direkte heilt fram til premieredagen på strøymeplatt

  • Marte Fjellheim Sarre i teaterframsyninga om kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget; Ellos eatnu – Nullpunkt. Foto: Aslak Mikal Mienna/Beaivváš Sámi Našunálateáhter.

    Historia om Alta-Kautokeino-vassdraget som dokuteater

    Ellos eatnu! Nullpunkt. fortel historia om kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget som gjekk føre seg frå 1979-1982. Slaget om vassdraget blei tapt, men blei definerande for korleis ein i ettertid har sett på samars rettar. For første gong vann samars krav om rettferdig behandling, verdigheit og respekt fram.


    ELLOS EATNU: NULLPUNKT.
    TYSDAG 22. FEBRUAR KL. 20.30 OG ONSDAG 23. FEBRUAR KL.

  • Ny premieredato for Eks

    Ny premieredato for Eks

    Denne gongen er det noregspremieren på Eks av Marius von Mayenburg som blir utsett, men heldigvis berre med ein dag. Keeperen og havet har også fått ny dato.
    Her er eit oversyn over premieredatoane frametter:

    FEBRUAR
    19. Eks NY DATO!
    23. Keeperen og havet NY DATO!
    26. Fuglane

    APRIL
    2. Into the Woods
    23. Amsterdam
    29. Faderen

    MAI
    5. Shiemens
    14. Bror

  • Franziska (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) har gått frå sambuaren og treng ein stad å sove for natta. Ho ringer eksen, David (Gard Skagestad). Dette utløyser ei ekteskapleg krise mellom David og kona Sibylle (KIrsti Stubø).

    Kjærleik og fasade

    Vel vi framleis kven vi skal dele livet vårt med ut ifrå fornuft og ikkje kjensler? I den blodferske relasjonskomedien Eks avslører dramatikar Marius von Mayenburg småborgarskapets fasadeliv i eit intrikat trekantdrama. 

    EKS
    av Marius von Mayenburg
    Noregspremiere fredag 18. februar kl. 20.30
    Scene 3
    Ein designsofa. Eit ektepar med høgare utdanning. Barna søv søtt på romma sine.

  • Karl-Vidar Lende, Ellen Birgitte Winther og Hilde Olausson som gamle kjerringer på ein noko annleis roadtrip. Foto: Magnus Skrede.

    Charlotte Frogner debuterer som teaterregissør

    Med Marjas jord - ei absurd komedie med alvorlege undertonar – debuterer Det Norske Teatrets skodespelar Charlotte Frogner som teaterregissør på Scene 3.

    MARJAS JORD
    av Oleg Bogajev
    NOREGSPREMIERE TORSDAG 3. FEBRUAR KL. 20.30 
    PÅ SCENE 3
    I 2009 blei Frogner heidra med prisen for årets gjennombrot under utdelinga av Komiprisen for rolla som ei slags gamal utgåve av seg sjølv i fr

  • Ane Dahl Torp, Therese Lambrechts Vaulen, Laila Goody, Jon Bleiklie Devik, Kyrre Hellum, Preben Hodneland, Kjersti Dalseide, Peder Varkøy og Oddgeir Thune. Foto: Pernille Sandberg.

    Moderne tekst i rokokkodrakt

    Moderne menneske med universelle problem kledd i rokokkokostyme møtest til nokre timars tilsynelatande glede når Arne Lygres første teaterframsyning for det store formatet har urpremiere på Hovudscenen.

    TID FOR GLEDE
    av Arne Lygre
    URPREMIERE 25. JANUAR KL. 20.00
    HOVUDSCENEN
    PREMIERESAMTALE 25. JANUAR KL. 19.15
    med Arne Lygre og Anette Trettebergstuen
    FOAJÉEN PÅ TEATRET OG

  • Ingunn B. Øyen, Ane Dahl Torp, Marie Blokhus, Eivin Nilsen Salthe, Kyrre Hellum og Christian Ruud Kallum i Lehmantrilogien, som hausta strålande kritikkar da den hadde premiere i august. Foto: Erika Hebbert.

    Det Norske Teatret opnar opp for 200 publikum frå laurdag

    - Vi er glade for at fleire skal kunne få glede av framsyningane våre igjen, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.
    Etter dei nye lettingane frå myndigheitene blir det igjen tillate med inntil 200 personar på innandørs arrangement med faste tilviste plassar og 1 meter imellom dei som ikkje er nærskylde.
    - Allereie laurdag er det ei stor glede at 150 fleire vil kunne sjå framsyninga Lehmantri

  • Vetle Bergan spelar rolla som Trille. Foto: Dag Jenssen.

    Maria Parrs bok Keeperen og havet blir teater

    Maria Parrs sjarmerande forteljing om ungane i bygda Knert-Matilde møter regissør Kjersti Horns sprelske uttrykk.
    KEEPEREN OG HAVET
    URPREMIERE ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 17.00
    SCENE 2

    Forfattar Maria Parr er blitt omtalt som moderne barnelitteraturs superstjerne, og ho har formidla historier om barn i utkant-Noreg med vidd og varme. Med Vaffelhjarte, som gjekk på NRK som TV-serie, vann

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah er det tre regi-spirene som skal løftast fram og få prøve seg gjennom Spire-prosjektet. Foto: Glenn Ruben Engen/Erika Hebbert/Michael Gauss.

    Satsing på kvinnelege regissørar

    Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.

    - Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
    Våren 2022 kjem difor tre re

  • Christian Ruud Kallum som tredje generasjon Lehman, Bobbie Lehman. Foto: Erika Hebbert.

    Kritikarrost framsyning som direktestrøyming

    "En skuespillerfest" sa Aftenposten om Lehmantrilogien, da framsyninga hadde premiere i august, og både dei og Dagsavisen trilla fem på terningen. Så blei framsyninga brått roka av streik, og deretter av koronarestriksjonar. Difor har Det Norske Teatret no beslutta å direktestrøyme historia om familien som starta bedrifta som blei til storbanken Lehman Brothers.

  • Nynorskens far Ivar Aasen, språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Foto: Maiken Mathisen.

    Podkast om språk frå Det Norske Teatret

    Som det viktigaste språksenteret for nynorsken forvaltar Det Norske Teatret eit særskilt språkoppdrag. No har dette ansvaret kome til uttrykk gjennom podkasten Språkoppdraget, som er lansert i haust.
    Språket er ein del av grunnstammen i Det Norske Teatret. Da teateret blei stifta av Hulda Garborg og Det Norske Spellaget i 1913 var landsmålet ein av grunnene til å starte teatret. Språket var og

  • Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

    Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

    Det Norske Teatret held fram med å spele teater, trass dei nye restriksjonane som vil gjelde frå og med midnatt 14.12.2021.
    - Vi har sagt gjennom heile pandemien at teater er viktig og at så sant det er mogleg og lov, så spelar vi, seiere teatersjef Erik Ulfsby. 
    Dei nye innstrammingane rammar kulturlivet hardt, men det positive er at vi ikkje er stengt.
    - Glede og meining spreier seg le

Vis mer