Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Edouard Louis-roman blir teater

    Den andre boka til stjerneskotet Edouard Louis blir no teater, også denne gongen er det sjølvopplevd og politisk. Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein ender opp som valdsmann?

  • No er det f... meg jul igjen

    Har jula blitt sniknissifisert utan av vi la merke til det? Er den største høgtida vår berre til ære for marknadskreftene? Kva skjedde med nestekjærleiken, eigentleg?

  • Våren 2018 på Det Norske Teatret

    I dag la teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret for våren 2018 – eit repertoar som kommenterer samtida og som ønskjer å styrke teatret som debattarena.

  • Er Trump eit nashorn?

    Er verdiane som sosialdemokratiet er tufta på i ferd med å forvitre? Trumfer populismen sunn fornuft og vanleg folkeskikk? Scene 2 blir trampa istykker av omsynslause nashorn.

  • Snøkvit gjer opprør mot skjønheitstyranniet

    Kvifor er ikkje dronninga lykkeleg sjølv om ho er verdas penaste? I denne splitter nye variasjonen over eventyret om Snøkvit, har Charlotte Frogner hovudrolla som den opprørske prinsessa som frigjer seg frå mora og tek eit oppgjer med skjønnheitstyranniet.

  • Kulturnatt med urban Bikubekveld

    ​Det Norske Teatret sparkar i gang haustens Bikubekveldar med gratis urban kunst-sjokk i samband med Oslo Kulturnatt.

  • Hip hop-kids inntek Hovudscenen

    Laurdag blir Det Norske Teatret fylt av danseglade barn som skal få prøve seg på sjølvaste Hovudscenen.

  • Kan ei bok endre synet på eit heilt folk?

    I 1910 blei den første samiske boka gitt ut. Boka handla om samiske reindriftsamar og var med på å endre folks oppfatning av det samiske folket. No har det blitt teater av forteljinga om mannen bak boka - Johan Turi.

Vis mer