Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Musikklinjekoret og Opera Nordfjord klare for turné

    Den verdskjende, amerikanske tenoren Evan Bowers er nettopp ankomen Nordfjord og er klar for første øving med Opera Nordfjord. Det er duka for ein gedigen Puccini-fest når 70 koristar frå Musikklinjekoret og operakoret og 40 profesjonelle musikarar møtast til dyst i Trivselshagen på Sandane i dag, før konsertturné i helga.

  • Billettsalet for Sildagapet opnar 1. mars

    Onsdag 1. mars kl.09.00 opnar billettsalet for Opera Nordfjord sin hovudproduksjon: Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde.

  • Opera + sild = sant

    Kven skulle vel tru at vi nokon gong skulle komme til å tinge ein opera som skulle handle om sildefiske? Ikkje eg, men no har vi - i Opera Nordfjord - altså gjort det! Tru det eller ei, men onsdag 4. oktober vert det premiere på sildeoperaen Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde i Operahuset Nordfjord.

  • Velkomen til Opera Nordfjord sitt Nyhendebrev 1/2017

    Opera Nordfjord ønskjer velkomen til eit spennande og variert program for 2017! Bli med oss på gode konsert, musikal- og operaopplevingar gjennom våren og hausten. Musikalen Back to the 80´s: Operahuset Nordfjord 17 og 18 mars Puccinifest: Trivselshagen 24 mars, Operahuset Nordfjord 25 mars og Førdehuset 26 mars Sildagapet: Operahuset Nordfjord 4, 6, 7, 8, 11, 13, 14 og 15 oktober

  • Sildeopera med sjalusi og kjærleik

    Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er no klart og utgjer ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

  • Eit klassisk stjernelag på Maskeballet

    Dette var eit stjernelag av solistar, dette har internasjonalt nivå, seier dirigent og musikalsk leiar Michael Pavelich etter premiera på Maskeballet i Operahuset Nordfjord onsdag kveld.