Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Soga om Sol klar for Vestlandsturné i oktober

    Opera Nordfjord er klar for Vestlandsturné med musikalen Soga om Sol til Nordfjordeid, Stord, Os, Fana og Åsane i perioden 1. -11. oktober. 36 sceneaktørar, musikarar og kunstnarisk og teknisk personell set seg på turnébussen 6. oktober for å feire både utvandring og innvandring gjennom ei rørande historie om oppbrot, eventyrlyst, heimlengt, sorg, kjærleik og håpet om eit nytt liv i Amerika.

  • Gratis musikkteaterskule i vinterferien

    Opera Nordfjord inviterer til fire dagar gratis musikkteaterskule i vinterferien for alle born og unge frå og med 5. klasse til og med siste året på vidaregåande.

  • Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

    Opera Nordfjord feirar 25 år i 2023 med nyskriven musikal av Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk. Handlinga er lagt til om lag 1915, då mange nordfjordingar utvandra frå Nordfjord til Amerika. Dei aller fleste rollene vert fylte av lokale, profesjonelle musikalartistar og skodespelarar og eit utval av dyktige, lokale amatørar. Premieren vert onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord.

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

    Opera Nordfjord tjuvstartar årets TV-Aksjon til inntekt for Leger uten grenser og innbyr til konsert i Eid Kyrkje måndag 3. oktober kl. 19.00. Operasolistar, songarar og musikarar frå La Traviata-produksjonen deltek.

  • Trio no Treble i Kulturhuset Gamlebanken

    Kammerkonsert med Trio no Treble byr på både humor, kvalitetsspel og sjangeroverskridingar i alle retningar. Det er all grunn til å gle seg til ein uformell konsert med dyktige musikarar, der det er lov til å le høgt og nyte musikken samstundes - velkomen!

  • Klassisk operagalla på vårturné

    Opera Nordfjord kan skilte med store stemmer i internasjonal klasse, når sopranen Margrethe Strømmen Fredheim og tenoren Bror Magnus Tødenes gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid i april.

  • La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..

  • Den store julekonserten i Operahuset Nordfjord

    Opera Nordfjord inviterer til stemningsfull julekonsert med høg gåsehudfaktor når fullt operaorkester, kor og solistane Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich framfører dei vakraste julesongane, leia av dirigent Michael Pavelich. Det skjer i Operahuset Nordfjord 3. og 4. desember - velkomen til heile familien!

  • Opera Nordfjord på turné med filmmusikk frå fantasy-universet

    Det vert garantert magisk stemning når 65 korsongarar, 53 musikarar, sopransolist Sabina Zweiacker, konferansier Orvar Säfström og dirigent Michael Pavelich sameinar musikalsk krefter og talent når SAGAS drar ut på turné 11.-14. november med fantasy filmmusikk som hovudtema. Konsertstader er Sandane, Sogndal, Nordfjordeid og Førde.

Vis mer