Opera Nordfjord innbyr til operadugnad
Førebuingane til årets hovudproduksjon, Sildagapet, av Jostein A. Fretland og Helge Sunde, er i gong, og Opera Nordfjord ønskjer no velkomen til tidenes operadugnad fram til premiere 4. oktober.
Førebuingane til årets hovudproduksjon, Sildagapet, av Jostein A. Fretland og Helge Sunde, er i gong, og Opera Nordfjord ønskjer no velkomen til tidenes operadugnad fram til premiere 4. oktober.
Opera Nordfjord har i år vore så heldige at Inger Giskeødegård har laga plakaten til Sildagapet som har framsyningar i Operahuset Nordfjord i oktober i år. Det er alltid spennande å inngå slike samarbeid då ein ikkje heilt veit kva ein får, men vi er særs stolte av resultatet.
Den verdskjende, amerikanske tenoren Evan Bowers er nettopp ankomen Nordfjord og er klar for første øving med Opera Nordfjord. Det er duka for ein gedigen Puccini-fest når 70 koristar frå Musikklinjekoret og operakoret og 40 profesjonelle musikarar møtast til dyst i Trivselshagen på Sandane i dag, før konsertturné i helga.
Onsdag 1. mars kl.09.00 opnar billettsalet for Opera Nordfjord sin hovudproduksjon: Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde.
Kven skulle vel tru at vi nokon gong skulle komme til å tinge ein opera som skulle handle om sildefiske? Ikkje eg, men no har vi - i Opera Nordfjord - altså gjort det! Tru det eller ei, men onsdag 4. oktober vert det premiere på sildeoperaen Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde i Operahuset Nordfjord.
Opera Nordfjord har inngått samarbeid med Mynewsdesk og Racer for å styrke kommunikasjon og marknadsarbeidet.
Opera Nordfjord ønskjer velkomen til eit spennande og variert program for 2017! Bli med oss på gode konsert, musikal- og operaopplevingar gjennom våren og hausten. Musikalen Back to the 80´s: Operahuset Nordfjord 17 og 18 mars Puccinifest: Trivselshagen 24 mars, Operahuset Nordfjord 25 mars og Førdehuset 26 mars Sildagapet: Operahuset Nordfjord 4, 6, 7, 8, 11, 13, 14 og 15 oktober
Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er no klart og utgjer ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.
For den som elskar Puccini, og for den som ikkje visste at han elskar Puccini, byr Opera Nordfjord på eit eksklusivt Puccini-program med konsertturné 24.-26. mars.
Jostein Avdem Fretland er klar med første utkast til libretto av tingingsverket Sildagapet.
Dette var eit stjernelag av solistar, dette har internasjonalt nivå, seier dirigent og musikalsk leiar Michael Pavelich etter premiera på Maskeballet i Operahuset Nordfjord onsdag kveld.