Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Det Norske Samlagets haustliste 2012

    Ny forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 145. haustliste. Samlaget har ti debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. Olaug Nilssen, Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.

  • Jan Roar Leikvoll ute med ny roman - om makt, svik og kjærleik

    Jan Roar Leikvoll er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny, norsk litteratur. No er den kritikarroste forfattaren klar med ein ny roman, Bovara. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i ein særeigen skrivestil.

  • SAMLAGET PRESENTERER HAUSTLISTA 16.8.

    Ny forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog, presenterer haustlista 16.8. torsdag kl 11 på Amalie Skram, Litteraturhuset i Oslo. Fest i Gøteborgsgt på Rodeløkka kl 16 same dag. Opplesing frå fleire av haustens forfattarar, musikalsk innslag og lett servering. Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan 14.8. (skriv om du kjem på festen, pressekonferansen eller begge delar).

  • Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund endeleg på norsk

    Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk. Omsette av Gunstein Bakke.

  • Ruth Lillegraven med ny småbarnserie - Mari og Magnus

    Forfattar Ruth Lillegraven og Illustratør Inger Landsen står bak Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Det har til no kome to bøker i serien, Mari og Magnus flyttar inn og den ferske Mari og Magnus og smokketjuven.

  • BENTE RIISE NY FORLAGSREDAKTØR FOR SAKPROSA I SAMLAGET

    Bente Riise (1962) vert ny redaktør for sakprosa i Det Norske Samlaget. Bente Riise er utdanna journalist, og har brei erfaring frå ulike medier. Ho har jobba som journalist i NRK, Dagbladet og Dagens Næringsliv, og vore redaktør i bladet Psykisk helse og tidsskriftet Syn og Segn. Ho fekk Nynorsk redaktørpris i 2011. Riise kjem frå Hareid på Sunnmøre.

  • Patti Smith signerer bøker i Bergen, Trondheim og Oslo i sommar

    Patti Smith signerer den norske utgåva av Just Kids på Ark Beyer i Bergen 23.6, kl 13-14. Seinare i sommar signerer ho på Norli Nordre gate i Trondheim 30.7 - kl 13-14 og på Tanum Karl Johan i Oslo 31.7 17-18.30. Just Kids kom ut på norsk i mars til strålande kritikkar. Boka er omsett av Brit Bildøen.

  • SOLVEIG AARESKJOLD AVSLØRER MYTANE OM DET NORRØNE I NY BOK

    I Aareskjolds nye bok "Valkyrjesong" går ho til kraftig angrep på historikarane sin tolkning av sagaen: -Historikarane bruker sagaen som historisk kjelde når det tener deira eige bilete av denne tida som ei brutal og vanskeleg tid, men avskriva han som dikting når det handlar om kjærleik og tilhøvet mellom kvinner og menn, argumenterer ho.

Vis mer