Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Samlagets haustliste 2015

    Bla i Samlagets katalog HER

    Elena Ferrantes band 2 i Napoli-kvartetten, Historia om det nye namnet (omsett av Kristin Sørsdal), vert lansert 10. oktober. Ferrante har vore på første- og andreplass på den norske bestseljarlista sidan bok ein i serien, Mi briljante venninne, kom ut i mars. I oktober kjem også PJ Harveys nye bok Den opne handa (omsett av Pedro Carmona Alvarez og Gunhild Øyehau

  • "Falle" av Rakel Solstad - Ny novellesamling

    Falle av Rakel Solstad er ni noveller om det å miste; om ikkje å vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje ein levande, om forboden sorg.
    Vi møter mellon anna mora som skal skru av respiratoren til den vaksne dottera si, sonen som har mista ei dominerande mor, dei vaksne brørne som har vakse frå kvarandre, k

  • Strålande kritikk til krigsromanen "Livius" av Erlend Kaasa

    Erlend Kaasa debuterte med romanen Thunder road i 2009. No er han klar med krigsromanen Livius som får strålande kritikkar. 
    «Livius er rett og slett en genuint medrivende roman der ingenting er avgjort før siste side.»
    Olaf Haagensen, Morgenbladet
    "Det er brutalt og skremmende, og et godt driv i fortellingen."
    Stian Johansen , Varden
    "[...] ein drivande god

  • Boka du treng for å lære dei vanlege norske skrivereglane

    Vi har nok alle vore der. Tvilen kjem snikande. Er det greitt med smilefjes i offentlege brev? Punktum i strekpunkt? Korleis finn du tankestrek utan å setje inn kodar på ein pc? På ein mac?
    Hjelpa har kome. For Aud Søyland og Jan Olav Fretland presenterer no boka Norske skrivereglar/Norske skriveregler, og legg samtidig fram reglar for skriving på skjerm – både i form av e-post og nettekstar. <

  • Ny bok om Catalonia "Draumen om Catalonia" lansering 27.8.

    27.9. er det regionval i Catalonia. Nokre lokale parti ønskjer ein sterkare lausrivingsprosess frå Spania, og valet kan få store konsekvensar for regionen. Johannes Nymark gir i den nye boka "Draumen om Catalonia" eit kunnskaps- og perspektivrikt innsyn i det særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen.

  • Samlaget med den første interaktive e-boka på tre samiske språk

    Samlaget lanserer torsdag 20.august dei samiske utgåvene av den moderne klassikaren til Kari Stai Jakob og Neikob. Lanseringa finn stad i den samiske barnehagen på Tøyen i Oslo kl.12. Det blir presentasjon og demonstrasjon av den interaktive e-boka.

  • Vil vekke ungdom med miljø-thriller

    Den prislønte Lars Mæhle vil vekke klimaengasjement hjå ungdommen med miljø-thriller. Året er 2052 og Noreg er ein totalitær politistat der eit korrupt oljeregime sit med makta. Klimaforkjemparar lever i konstant frykt og overvaking frå styresmaktene. Samstundes går statskotet for nettreality konseptet Bouvetøya 2052. Syttenårige Roland frå Noreg viklar seg inn i nettrealityen.

  • Samlagets haustlansering 19.8. kl 17

    Velkomen til lansering av haustens bøker frå Samlaget!
    Onsdag 19.8. kl 17 på Ingensteds i Brenneriveien 9 (rett ved Blå)
    Smakebitar frå haustens bøker, fingermat og forfriskningar, musikk og dans. 
    Velkomen!
    Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan torsdag 12.8.

  • Anonym italiensk forfattar på den norske bestseljartoppen

    Den anonyme italienske forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante ligg på førsteplass på den norske bestseljarlista for sjette veka på rad med romanen Mi briljante venninne. Boka kom ut i mars til overstrøymande bokmeldingar;  "eksplosiv skildring", "full av livskraft og pulserende liv", "mesterforfatter", "moderne storverk", "besettende lesning", "brutal, vakker og nærgående skildring", "medriven

  • Nytt Syn og Segn ute


    Syn og Segn nr 2 er ute. Du kan lese om mellom anna dette:

    ARKITEKTUR: Kvifor har ferdighus vorte ein folkeleg suksess? Kva legg vi eigentleg i omgrepet smak? Og korleis skal vi forstå etikken bak estetikken? Gaute Brochmann, Ola Sendstad og Even Smith Wergeland ser arkitektur, etikk og estetikk frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: «Før var eg meir oppteken av å vere smart og intelligent

Vis mer