Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Språkprisen 2015 til Einar Økland

    Forfattaren Einar Økland får Språkprisen 2015. Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar.

  • Juleroser frå Herborg Kråkevik

    Herborg Kråkevik er redaktør for det nye juleheftet Juleroser. Med på laget som bidragsytarar har ho fått nokre av våre fremste forfattarar og biletkunstnarar mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjorth, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl.
    Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks sjølv opp med det

  • Blix-prisen til Sissel Horndal

    Forfattar Sissel Horndal får Blix-prisen 2015 for den barnelitterære forfattarskapen sin. 
    Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv

  • Ny jubileumsbok om Norsk Kulturråd "Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015"

    Den nye, uavhengige jubileumsboka om Norsk Kulturråd, Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015 av Alfred Fidjestøl vert lansert tysdag 3.11. med eit dagseminar på Litteraturhuset i Oslo. Fidjestøl deltek også på Kulturrådets årskonferanse 4.11. i Harstad.
    Fidjestøl viser i boka at historia om Norsk kulturråd er ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg. Om t.d. frykta for fjernsynet o

  • Nordisk Råds Litteraturpris til Jon Fosse

    Fosse fekk i kveld den prestisjefulle prisen for første gong, for Trilogien (Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd). Han tok sjølv imot prisen i Reykjavik.
    Fosse seier dette om tildelinga: 
    -Eg er svært takksam for å få Nordisk råds litteraturpris. Eg har fått mange prisar, men dei fleste for dramatikken eller for ålment forfattarskap. Sjølv meiner eg at eg er like mykje prosaist som dramatik

  • Samlaget gir ut "M Train" av Patti Smith 1. februar

    Samlaget gir ut M Train av Patti Smith 1. februar. Memorarboka vert omsett av Brit Bildøen som også stod bak omsetjinga av Just Kids av Smith. M Train er ei personleg bok om reiser, inspirasjon, litteratur, krimseriar og fotografi.  Smith sjølv kallar boka “eit vegkart over livet mitt”. Ho reflekterer over kunsten og livet, side om side med minne om livet i Michigan og tapet av ektemannen, gitari

  • Elena Ferrante rett inn på bestseljarlista

    Elena Ferrantes bok to i Napoli-kvartetten er nett ute på norsk, Historia om det nye namnet. Boka gjekk rett inn på tredjeplass på den norske bestseljarlista for skjønnlitteratur denne veka. Historia om det nye namnet får toppkarakterar av eit samla norsk kritikarkorps, og Napoli-kvartetten vert plassert blant dei beste romanutgjevingane i verda i dag. 
    Dei to neste bøkene i serien kjem i mars

Vis mer