Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Mette Karlsvik klar med ny roman frå Island, "Varmá"

    Karlsvik har vunne m.a. Sæterbakkens minnepris og Vesaas-prisen og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk. Ho har lengre tid vore opptatt av, budd på, og skrive om Island. No er ho igjen klar med ei bok som kretsar om Island, Varmá.
    Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, rein

  • Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er"

    Ruth Lillegraven er nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er". 
    Eg er eg er eg er skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbei

  • Are Kalvø med ny bok

    LANSERING: BIKUBEN PÅ DET NORSKE TEATRET 13.10. KL 17.30
    Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til fleire komiprisar og til Hedda-prisen.
    I den nye boka "Are Kalvø på scenen" kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklage

  • Siste band i Napoli-kvartetten på norsk

    Denne veka kjem den fjerde og siste romanen i Napoli-kvartetten, "Historia om det tapte barnet", omsett av Kristin Sørsdal. Boka markerer ei kraftfull avslutning på historia som fengslar lesarar verda over. Serien har vore i toppen av den norske bestseljarlista sidan første band, "Mi briljante venninne", kom ut våren 2015. Kvartetten er ein stor suksess verda rundt, men Ferrante har ikkje opplevd

  • Ny biografi om "Hestehandlaren" Kjell Opseth

    Dag Nestegard er aktuell med ein ny biografi om Kjell Opseth. Lansering 5.10. 
    Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer g

  • Ny bok: "Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser" av Gro Skartveit

    I løpet av livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å finne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing. Dette er historier om kriser, men først og fremst om korleis det er mogleg å gjere livet betre sjølv et

  • Erlend Flornes Skaret med ny roman, "Nomade"

    For tre år sidan sa Erlend Flornes Skaret opp jobben som ingeniør, selde leiligheita og kjøpte seg bubil. Han la ut på ei lang reise Europa rundt. Den nye romanen "Nomade" vart til på denne reisa. 
    Om "Nomade": I eit anfall av meiningsløyse seier ein mann opp jobben og kjøper ein bil. Han stiller navigasjonsapparatet inn på ein tilfeldig by: Lübeck. Ved å halde seg i konstant rørsle freistar ha

  • Ny roman om grufulle forsvinningar i Stalins Sovjet

    Jørgen Norheim er klar med romanen "Aldri redd for mørkets makt. Historia om eit brotsverk".
    Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar

Vis mer