Ingvild Holvik aktuell med "Premien for alt"
Skarpt om alderdom og verdigheit
Skarpt om alderdom og verdigheit
Hulda Garborg-stipendet for 2017 går til Marianne Krogh.
I grunngjevinga skriv juryen at "vinnaren av stipendet er ein skodespelar med solid integritet. Vedkommande har vore ved Det Norske Teatret meir eller mindre samanhengande sidan debuten i 1978. Før det fekk skodespelaren utdanninga si også ved teatret si elevskule.
Ho har markert seg i sterke roller innanfor ulike genrar, i ulike form
Underhaldande og gripande om det forgjengelege ved livet
Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta!
VAKEN? er ei faktabok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?
- Eg ville skrive ei godnattbok for barn og tenkte at det kunne vere fint om den handla om dei som ikkje sk
Om gatefolk frå Romania og eit forsøk på å hjelpe
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og/eller Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år er det ein trio som har styrka banda mellom Noreg og Island, så vel som resten av det nordiske språkområdet, som skal heidrast.
Jón Júlí
Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland.
Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.
Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietid
Verda midt i Jølster
Maria Parr kjem med si tredje bok i august, Keeperen og havet. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Parrs debutbok Vaffelhjarte. Hovudpersonane Trille og Lena har blitt litt eldre, og møter nye utfordringar. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene.
Parr har opplevd ein eventyrl
Forfattaren Rolf Sagen (f. 1940) gjekk bort i dag 6. april.
I tillegg til ei omfattande forfattargjerning grunnla Rolf Sagen Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og arbeidde som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for.
Sagen var fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp
Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I oversiktsverket Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid følgjer forfattar Aina Schiøtz hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftand
Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Fugletribunalet, The Bird Tribunal, omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til «Best Scandinavian Crime Novel of the Year». Ho er nominert saman med m.a. Gunnar Staalesen og Leif G.W. Persson.
Ravatns gjennombrotsroman Fugletribunalet fekk svært god mottaking då ho vart vart lansert i Storbritanni