Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Juliane Rui aktuell med ny diktsamling

    Eit blikk som tek inn verda på nytt
    Juliane Rui viste alt med debutboka i 2011 at ho er ein forfattar som ser det uvanlege. I utgivinga i år, den tredje diktsamlinga hennar, møter vi eit blikk som tek inn verda på nytt. Dei tilsynelatande enkle dikta observerer dei små og nære tinga, men samanhengane mellom dei utvidar biletet til å gjelde eksistensen til både menneske og dyr. Det blir mana fra

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn til Tsjekkia

    Fugletribunalet av Agnes Ravatn er selt til utgjeving i Tsjekkia, melder Hagen Agency. 
    Rettigheitene til boka er no selt til åtte land: Storbritannia, Tyskland, Russland, Litauen, Danmark, Serbia, Tyrkia og Tsjekkia.
    Fugletribunalet kom ut i 2013 til strålande kritikkar. Boka slo også godt an hos norske lesarar og opplaget er no oppe i 35 000. Ravatn fekk P2-lyttaranes romanpris, Ungdomme

  • Hulda Garborg-stipendet 2017 til Marianne Krogh

    Hulda Garborg-stipendet for 2017 går til Marianne Krogh. 
    I grunngjevinga skriv juryen at "vinnaren av stipendet er ein skodespelar med solid integritet. Vedkommande har vore ved Det Norske Teatret meir eller mindre samanhengande sidan debuten i 1978. Før det fekk skodespelaren utdanninga si også ved teatret si elevskule.
    Ho har markert seg i sterke roller innanfor ulike genrar, i ulike form

  • Erna Osland om dyr som ikkje søv om natta

    Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta!
    VAKEN? er ei faktabok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?
    - Eg ville skrive ei godnattbok for barn og tenkte at det kunne vere fint om den handla om dei som ikkje sk

  • Pris til trioen bak heimskringla.no

    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og/eller Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år er det ein trio som har styrka banda mellom Noreg og Island, så vel som resten av det nordiske språkområdet, som skal heidrast.
    Jón Júlí

  • Alf Helleviks mediemålspris 2017 tildelt Sølve Rydland

    Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland.
    Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.
    Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietid

  • Maria Parr kjem med ny barnebok i august, "Keeperen og havet"

    Maria Parr kjem med si tredje bok i august, Keeperen og havet. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Parrs debutbok Vaffelhjarte. Hovudpersonane Trille og Lena har blitt litt eldre, og møter nye utfordringar. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene.
    Parr har opplevd ein eventyrl

  • Forfattar Rolf Sagen har gått bort

    Forfattaren Rolf Sagen (f. 1940) gjekk bort i dag 6. april.
    I tillegg til ei omfattande forfattargjerning grunnla Rolf Sagen Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og arbeidde som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for.
    Sagen var fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp

Vis mer